Gå til Mikrodaisy Gå til Mikrodaisy
Til kassen Se handlevognen 9 varer á Kr 27430,-
Skriv ut denne artikkelenAnmeldelse av e-Lector

Lesemotivasjon og automatisering

«Hausten 2005 fekk ein 5.klassing diagnosen dysleksi. Etter fleire år med iherdig innsats og tilrettelegging utan særleg framgang var motivasjonen og sjølvtilliten på området dalande. Han starta no bl.a.med regelmessig bruk av e-Lector. Øvingstekstane i programmet vart brukt, lærar la tilpassa leselekse ut på nett (Fronter), guten og foreldra henta dette inn i e-Lector, og han øvde med støtte i talesyntesen og ordmarkøren, og han justerte lesfarta sjølv. No hentar han inn si eiga
leselekse frå nettet: Den sportsinteresserte guten hentar sportsstoff frå nettaviser, legg det inn i e-Lector og øver regelmessig. Han justerer tempoet sjølv og opplever framleis god støtte i talesyntesen og ordmarkøren. Etter 3/4 år les guten overraskande godt; han har oppnådd stor grad av automatisering og er meir motivert for lesing igjen. e-Lector er ikkje forklaringa åleine, men har vore eit godt hjelpemiddel for å øve det lesetekniske og ikkje minst for motivasjonen i det å kunne øve på lesestoff som han sjølv kan velgje og er interessert i.»


Ståle Skårn
Spesialpedagog, PPT Molde

Tilbake til produktet


        Telefon : 32 17 14 00